Are kalvøs foredrag om tull og tøysAre Kalvø er ein kjend og profilert norsk forfattar, kåsør og satirikar. Hans forfattardebut kom i 1994 med boka Absolutt Oslo. Han har skreve mange verk, og har samla dei i 3 bøker kald ”Greatest Hits 1, 2 og 3”.
Han begynte foredraget sitt med å presentere seg sjølv, snakke litt om kva han jobbar med, som da omtalte som ”tull og tøys” , og fortelje litt om kven han er.
Vidare snakka han om korleis han er som forfattar, og særleg då korleis folk flest oppfattar han som smartare enn kva han sjølv meinar han er.
Den største delen av foredraget brukte han på å lese nokre utdrag frå nokon av sine verk. Han avsluta foredraget med å lese ein av sine verk ved å imitere nokre kjendisar, som kongen, morten harket og nokre fleir eg ikkje hugsar.
Eg må seie at det var eit av dei mest morosame foredraga eg har vore på i samanheng med skulen. Han kunne ikkje akkurat måle seg med Harald Eia, men han hadde ikkje lange steget opp til det nivået.
sjølv om eg ikkje heilt så poenget i å høre på Are Kalvø snakke om alt og ingenting, og sjølv om han nokre gonger prata litt vel fort, og sjølv om han reklamerte så mykje for det å være nynorsk brukar slik det nesten mest virka som at foredraget var ein del av Arbeider partiet sin valkamp, var det eit godt foredrag. Eg håpar kven det no er som arrangerar slike ting finn på fleir slik påfunn.
Eg velje å gi foredraget ein 5’ar.
- Skreve av Eirik Sundet
Det var bra at du likte føredraget til Kalvø. Eg håper at du fekk inspirasjon til å skrive litt "tull og tøys" og!
SvarSlettArbeiderpartiet sender foredragsholdere til videregående skoler... Og USA - samt et visst folkeslag - arrangerte angrepet på WTC og Pentagon. For en føkka verden vi lever i...
SvarSlett