Dikte ”ord om å holde ut” er skreve av Tore Elias Hoel (1979), og er eit sterkt lada dikt med mykje følelsar og kritikk bak. Dikte er ikkje spesielt langt, men fortel samtidig mye.
Dikte begynnar med å framstille karakteristiske trekk ved forskjellige nasjonar, framstilt ved hjelp av språket deira. Han snakkar om korleis "Noreg har 50 ord for fjell" og korleis ord som framstille krig og militær strategi som regel er Amerikanske.
Vidare spør han retoriske spørsmål om "kor mange ord vi har om å holde ut" og liknande. Han visar da naturligvis til at vi har få ord om å holde ut, aldri gje opp og liknande.
Han avsluttar dikte med nokre setningar som forteljar om korleis han skulle finne opp ord som beskriv disse tinga, og at han ville fortalt dei til "deg", altså lesaren. Altså blir han veldig personleg mot lesaren mot sluten av dikte.
Eg trur eit av tema Hoel tar opp i dikte er den dårlege arbeidsmoralen blant folk i Noreg, og andre vestlege land. Han tydar til kor problemfritt vi har det og kor mange muligheiter vi har i livet. Det å gi opp, det å være nøytral til viktige val, det å ikkje måtte gi alt du har for å oppnå noe er eit privilegium vi i den vestlege verda har.
onsdag 17. februar 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar